Julekalender luke 18 – Guidet tur Uranostind

Julekalender luke 18 – Guidet tur Uranostind

På våre camper kan du bli med på guidet tur til ulike tumål hver dag. En av turene du kan bli med på er turen til Uranostind.

Turen er lang men fantastisk flott, og det siste stykket ut til toppvarden er såpass luftig at noen og enhver kan kjenne litt på høyden. Turen går over bre, og det er derfor anbefalt å gå med guide eller i følge med folk som har erfaring med brevandring.

Vi starter salget av de guidede turene i januar.

Turbeskrivelse fra Turapp:

Uranostinden med den kvite breen til høgre for seg, dominerer bilete når du parkerer bilen på Tyin. Lite kan måle seg med å være den fyrste som set spor i toppskavlen på veg bortetter den smale egga mot toppvarden.

Mens snøen ligg, er det Eidsbugarden eller Tyinholmen som er dei naturlege startpunkta for ein skitur til Uranostinden. Før var det fjellski som gjaldt, men no er det nok like vanleg med toppskiutstyr.

I starten på Uranosbreen kan ein med fordel halde noko til høgre. Vel oppe på brea set du kurs midt mot Uraknatten, før du dreier inn midt mellom Uranostinden og Slingsbytinden. Ryggen opp til tinden er brei i starten for å smalne av oppetter. Ski kan du nytta så lenge du finn det enklast. Det er ubeskriveleg flott utsyn herifrå. Du følar du nesten kan ta bortpå Hurrungane, og tindane rundt deg i Jotunheimen reiser seg ein etter ein etter kvart som du vinn høgde.

Attende kan du ta same leia, eller om du har sjekka med førar at Mjøledalsbreen er fin no, kan du velge den vegen og få ein strålande rundtur. Men ver da nøye med å halde godt til høgre langs sørsida for å unngå dei store sprekkane over på nordsia. Det er ikkje utan grunn Mjølkedalsbreen er lite nytta av vandrarar.